23 oktober reiste 2/3 av the blistahfistahs (og 1.stk syrlig Eiliv) til Tigerstaden, der me skulle møte ein heil haug med second handed fistahs og ikkje minst; Muse-konsert! Reisa til Oslo gjekk strålande, klimaks va vell når Sondre dulta borti Jenny Skavlan på Narvesen.. Dei imaginære bilda av ein boundary-challenged Jenny surra rundt i haude hass resten av helga.
Men vi måtte diverre forlate Jenny etter kvart, og turen gjekk vidare til Bogstadveien og til the Anders Jerpseth-residence (Jøden Bed & Breakfast), nåke Eiliv spesielt såg fram til. Vi vart møtt i døra av ein energisk Rafael (Angelo Columcille Mathisen), ein sprudlande Patrick (The Dent(f)ist) og ein sugande Sindre «Jeg skal ha deg på terassen i morgentidlig» Karlsholm. Øl og pizza vart kjøpt inn (Basse vart tilbudt ein plastikkpose på Kiwi, han svarte høfleg med si karakteristiske stemme: «Nei takk... I don't need it») og samtlige av guttaboys kosa seg med FIFA, øl og pizza (utanom Eiliv som har lagt seg opp eit ubegrenselig hat til dette fantastiske spelet). Eiliv prøvde sej til og med på litt blackmailing; «Viss da blyr mejr fifa no så stikke eg ut å henga med Stordfolkå». For nåke sprøyt. Vi roa ned Fifa-spelinga, mimra om enklare tider på Skiringssal fhs, drakk oss folle og åt oppskrytt Bislet-kebab. Gøtt mannj!
Laurdag hadde Anders programmet klart, og han hadde sjølvsagt laga eit tidskjema i WORD. Turen gjekk aller først til Oslo's nye stoltheit; Operaen. Her møtte vi Sondre, som kvelden før hadde baila og heller tilbrakt natta hjå bæstissen Espen fra Ørsta. Her møtte vi også Vivi og Chris, som også hadde teke turen til Oslo denne helga! Etter monge bilder og uendelige diskusjonar om kor vi skulle drikke kaffi, gjekk turen med trikken opp til Vigelandsparken. Det var surt og kaldt, so me blei ikkje lenge. Rafael ropa ut: «Gutta, kom a! Vi stikker å ser på hundene. Seriøst. Deilig.» Etter mykje att og fram kjøpte me mat på Mucho Mas og stakk tilbake til Ginger-paradise for å sjå Premier League.
Etter kvart kom både rått og råte strøymande inn gjennom døra; Vivi,Christina,Bergitte,True,Sindre,Eirik,Frøydis og diverse anna smådrops. Vi starta festen med ein drikkeleik der Eiliv fann ut sine nye yndlingsord; «sæd og bæsj» som han repeterte om att og om att heilt til alle vart dritleide og kasta han på dør. Vi slapp han inn igjen når han hadde roa sej litt ned, og etter det va det berre velstand! God stemning, slik det som oftast e på reunion! Seinare på kvelden skulle vi sjølvsagt prøve å følge tidsskjemae til Jewhunter(?), vi skulle på People & Coffee, deretter på Hard Rock Cafe. Men Anders vart utsatt for mytteri, og som diktatorar flest var det også no ein liten hissigpropp som brutalt tok over makta. Ho leda oss med jernhand ned til enden av Karl-Johansgate, til ein brun, over-crowded pub. Vi hadde då gått i vel 40min.. Makan til dårlig diktator! 3 av karane hadde vet nok til å stikke ein annan plass. Men me andre gjorde det beste ut av det, dansa og drakk litt. True var i STORSLAG etter eit par paralgin forte-coctails og vart brukt som ei filledokke på dansegolvet. Rekna med ho hadde litt skallebank dagen derpå.. Nachspielet vart særs velykka med diverse aktivitetar, som erotiske/eventyrforteljingar som «
Bokkane Bruse" framført av Anders, dans, song, smugkiking/spionering/voyeurism,sofa-akkrobatikk,regular toppmøte og sukkerbitspising. Ein velykka kveld!
Søndag gjekk med til healing av hangover, klassisk dagenderpå-røling og ikkje minst fotballkamp.
Og det var ikkje kva slags som helst fotballkamp; Liverpool - Manchester United. Til Anders og Sondre sin store begeistring enda kampen 2-0 til Liverpool, og DEJ EJ NAJS! På kvelden var det Muse-konsert, nåke som va heeeilt sjukt kult og ein passeleg måte å avrunde ei konge helg i hovedstaden.
Helgas quote: «Jeg SKAL ha deg, om så jeg må ta deg på terassen i morratidlig.»
Ps: Vil gjerne beklage for dårleg oppfølgjing på bloggen ovanfor våre trufaste følgjarar. The blistahfistahs ska verkeleg skjerpe seg!