fredag 5. februar 2010

Fame, Fortune og kultfigurar

Det ekje nåke å legge under ein stol at vi he ei rekke med semi-kjendisar i penthousen her i VT16. Sondre, som kanskje e den mest meritterte, kan allereide på eit tidleg stadie i karriera vise til opptredenar i både Villhesten, Vegas og Max Manus (og ei rekke low-budget filmar som bl.a LORT).
Villhesten : http://www.film.gospel.no/film/filmreg/007088.asp
                 http://www.imdb.com/title/tt0111628/


Ein koselig film for heile familien, som eg anbefalar på det varmaste. Som dykk kan sjå er denne filmen laga i 1994, så eg var i aller høgaste grad aktiv i filmverdenen i tidleg alder.





Vegas:   http://www.imdb.com/title/tt0111628/
Det skal seiast at eg aldri har sett denne filmen sjølv, men eg har absolutt høyrt lovande ord.











Og sist men ikkje minst var Nic, Aksel Henie, Øyvind, eg (og ei rekke andre randoms frå Skiringssal fhs) med i den norske storfilmen Max Manus.

 

Her kan dykk sjå f.v: Aksel Henie, Nicolai, Rafael, Tommy, Erk, Eiliv og Arne.


Det som er så ytterst merkverdig er at desse bileta med Nicolai i bakgrunnen har blitt særs godt brukt i media i kjølvatnet av filmen. Det har då i seinare tid oppstått kraftige diskusjonar frå forskjellige hald angåande Nicolai si framtid som evigvarande linselus. Kvar gong Max Manus blir omtalt i media i heile landet sine aviser vil tryne til Nic vere der. Det har derfor oppstått meiningar frå diverse spesialistar og fanatikarar at Nicolai Øveraas kjøme til å oppnå ein slags kultstatus i filmverdenen og ellers på den verdens vide veven aka internet.
Dette vil derfor florere med meiningar om Nic fortjener denne "kultstatusen" han mest truleg kjem til å oppnå. Vil dette danne sjalusi blant sine felles filmkollegaer? Dette gjenstår å sjå. Eg har litt blanda kjenslar angåande dette og kjem ikkje til å uttale meg offentleg. Men ynskjer han sjøvsagt all suksess i framtida! Han er utan tvil ein å følgje med på i tida som kjem.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar